Dataingeniør (batchelor) ved HiB

Lurar du på kva ein dataingeniør er, og kva arbeid han utfører? Les vidare!

Ein dataingeniør lagar program som datamaskina må ha for å kunna arbeida. Ingeniøren må også kunna litt om sjølve maskina og korleis ei datamaskin kan knytast saman med andre, slik at vi kan utveksla data og samarbeida med menneske over heile verda. Utdanninga til dataingeniør ved Høgskolen i Bergen vil gje deg gode kunnskapar om datamaskiner og programmering av datamaskiner.

Du vil kunna setja saman fleire datamaskiner i eit nettverk, og du vil læra om Internett. I studiet blir det mykje praktisk øving i programutvikling og bruk av moderne dataverktøy, men du må også læra teorien som høyrer til. Utdanning som dataingeniør gjev deg grunnlag for å gå direkte inn i eit krevjande og spanande yrke.

Utdanning til dataingeniør (batchelor)

1. år

 

Grunnlagsfag:

Matematikk, Statistikk, Kjemi/miljø

Samfunnsfag:

Bedriftsøkonomi/marknadsføring

Linjefag:

Programmering, Datastrukturar og

 

algoritmar, Datamaskiner

2. år

 

Grunnlagsfag:

Matematikk, Fysikk

Samfunnsfag:

Samfunnsorientert bedriftsutvikling

Linjefag:

Operativsystem og systemprogramvare,

 

System- og programutviklingsmetodar

Studieretningsfag:

Objektorientert programmering, kommu-

 

nikasjonsnett, Filstrukturar og databasar, Design og programutvikling

 

for web

3. år

 

Studieretningsfag:

(sjå studieretningane)

Valfag

 

Hovudprosjekt

 

Etter 4. semester kan du velja mellom to studieretningar:

Studieretning for datateknikk:

Studieretningsfag (3. år):

Logikkprogrammering, Grafiske 
metodar, Windowsprogrammering

 

Databasar og databaseverktøy

Her legg vi stor vekt på opplæring og bruk av moderne system- og programutviklingsmetodar og verktøy, slik at du skal få godt grunnlag for å kunna laga krevjande program både innan tekniske og administrative område.

Studieretning for drift av datasystemer:

Studieretningsfag (3. år):

PC-basert måleteknikk,

 

Distribuerte system, UNIX drift,

 

Nettverksadministrasjon, drift

 

og sikkerhet

På denne studieretninga legg vi særleg vekt på moderne datamaskinarkitektur og datanett, og du vil læra å planleggja, installera og driva datamaskinsystem.

Arbeidsmarknaden

Data/informatikk er eit stort  område med mange arbeids- plassar både i stat, kommunar og private verksemder. På lengre sikt er det gode teikn til vekst. Programsystem og maskiner vert utvikla og endra raskt. Som dataingeniør kan du ta del i utvikling, drift og administrasjon av nettverk, programvare og utstyr. Innkjøp og sal av maskiner og program, opplæring og hjelp til andre som bruker datamaskiner er også aktuelle arbeidsfelt.

Vidareutdanning

Mange studentar tek vidareutdanning til mastergrad i datafag ved universitet i Noreg, Storbritannia og USA.

Sist oppdatert: 12.09.2003

Data

- Til startsida for  datalinja

Instituttet

- Om Institutt for data- og realfag

Tilsette
- Fagpersonalet ved instituttet 

Dataingeniør
- Om utdanninga,  studiet og arbeid etterpå 

Fagplan
- Litt detaljar om fagplanen for datalinja

Foto 
- av fagpersonalet