Institutt for data- og realfag

Studium

Instituttet har ansvar for den 3-årige utdanninga til bachelor-graden dataingeniør ved høgskolen i Bergen. I tillegg har vi også ansvar for undervisninga i grunnlagsfaga matematikk, statistikk og fysikk for dei andre ingeniørstudentane ved høgskolen.

Studentar

Ved instituttet har vi for tida om lag 235 datastudentar med 80 i første studieår, 75 i andre og 80 i tredje. Studentane går for det meste i klassar på 30 - 40 studentar, men får i mange fag undervisning i større grupper. Ved arbeid på laboratoriet kan klassen vera delt i to eller fleire grupper. I studieåret 2003/2004 har vi i alt 7 dataklassar. 

I alt blir det tatt opp om lag 400 studentar til bachelorstudiet for høgskoleingeniør i Bergen kvart år, og alle desse skal også ta faga matematikk, fysikk og statistikk hos oss.

Tilsette

26 personar er knytt til instituttet i faglege stillingar som fast tilsette eller stipendiatar. Enkelte har for tida full eller delvis permisjon p.g.a. verv eller arbeid utanfor høgskolen. 

Fagutval

For kvar utdanning ved høgskolen har vi fagutval. Dette er eit samarbeidsorgan mellom lærarar og studentar der vi tar opp problemstillingar rundt planlegging av undervisning, faglitteratur, fagplanar, studieprogresjon og studiekvalitet og læringsmiljø generelt. Kvar dataklasse har ein representant i fagutvalet, og dei ulike lærargruppene  har i alt 8 representantar.  Utvalet har normalt to møte kvart semester.

I studieåret 2002/2003 var professor Håvard Helstrup  leiar og student Christian Fraga nestleiar i fagutvalet på datalinja.

Klasserom og laboratorium

Datastudentane sine klasserom ligg i 6., 7. og 8. etasje i A-blokka, Nygårdsgt. 112. Datalaboratorium er plassert i 5., 7. og 8. etasje. Her disponerer vi om lag 70 - 80 datamaskiner i nett, for det meste PC med Windows operativsystem, men mange maskiner har også Linux. 

 

Sist oppdatert: 11.09.2003

Data

- Til startsida for  datalinja

Instituttet

- Om Institutt for data- og realfag

Tilsette
- Fagpersonalet ved instituttet 

Dataingeniør
- Om utdanninga,  studiet og arbeid etterpå 

Fagplan
- Litt detaljar om fagplanen for datalinja

Foto 
- av fagpersonalet