Olav H. Hauge (1908-1994)

 

 

 

Eldberget                                                                  Berget

Vanvyrd meg ikkje,                                                     Berget syner meg sine grimor,

de trygge og skikkelege berg!                                      skuringsstripor og klomerke etter frost.

Gjennom meg, usæle,                                                  Men mange dagar har det drukke sol

skulde det brjota                                                         og vorte stroke av linn vind.

alt det innestengde

som vår bergætt                                                          (Dropar i austavind, 1966)

i uraldrar ol.

Det var ikkje min lava

mi oske, min eld

meir enn dykkar,

men bresten var min.

Eg er berre eit berg

som andre berg,

ingi gåte

og ingen guddom,

berre eit skrøpeleg,

utbrent berg.

Men ingen

veit som eg

kva krefter det søv

i oss berg.

(Under bergfallet, 1951)