Av Magne Eide Møster
Nedanfor følgjer nokre råd som gjeld å lese og tolke / analysere dikt, og å skrive ’diktanalyse’. Den didaktikken som finst i dette, er retta mot deg som lærarstudent og di personlege utvikling, og indirekte mot di framtidige lærargjerning. Som lærar treng du ein personleg tileigna tekstkompetanse som omfattar også poetiske tekstar, og som legg grunnlaget for at du kan lese slike tekstar med utbytte og ha ei viss evne til å vurdere kva som er bra. Ein slik tekstkompetanse vil hjelpe deg til å styre norskundervisninga di sjølv.
For å kunne skrive ein diktanalyse, må ein
Kva må ein gjere og kunne for å skrive ein diktanalyse?
1 Ha lese diktet grundig og ha reflektert over det
Før skrivinga av analysen må ein ha lese og reflektert over diktet. Her er nokre råd i samband med lese- og tileigningsprosessen. Det som først følgjer, er altså ikkje eit framlegg til disposisjon for ein diktanalyse.
Den som les dikt, må vere konsentrert og fokusert. Ein må leve seg inn i diktet, og ein treng gjerne lese det roleg fleire gonger før det opnar seg. Ein vil ha utbytte av å notere og lage raske tenkjeskrivingar undervegs i arbeidet med diktet.
Sitat og ill henta frå http://www.iot.ntnu.no/~gjersvik/emneord/is_01_05.htm
I ein diktanalyse kan ein godt vise at ein har forstått omgrepet og har det inne sjølv om ein ikkje har termen, fagordet, på plass. Men det er tungvint å skulle skrive analysar utan å kjenne ein funksjonell terminologi. I praksis er termane og omgrepa ei hjelp både til å sjå, forstå og uttrykkje seg.
For å kunne bli flink i praktisk bruk av terminologien, treng
ein øving og tilbakemelding: Det gjeld å kople rett fenomen
til rett namn og omgrep. Ein må altså finne fram til termane
i teoripensum, lese poetiske tekstar og bruke termane på dei, og
drøfte bruken med medstudentar. Ein førsteklasses måte
å organisere dette arbeidet på er kollokviegrupper, faglege
diskusjonsgrupper. Faglæraren er sjølvsagt også ein
tilgjengeleg ressurs.
Å skrive diktanalysen
Å skrive analyse av ein litterær tekst, som til dømes eit dikt, kan oppfattast som ein sjangertransformasjon: Ein litterær tekst, diktet, skal omformast, transformerast, til ein saktekst: ein diktanalyse.
Diktanalyse og -tolking har som utgangspunkt at dikt er noko som treng tolkast. Alle dikt er, i større eller mindre grad, gåter. Diktet stiller lesaren eit spørsmål: Kva tyder eg? I tolkinga og analysen arbeider ein med å finne svar på gåta. Men svaret er meir enn eitt, for det er ikkje berre avhengig av kva som står i diktet, men også av kva for førehandskunnskap lesaren ber med seg til diktet.
Dikt er ulike, og tek i bruk ulike måtar å bruke språket på! Prøv å finne fram til det særeigne ved diktet du skal analysere, og legg vekt på det i analysen.
Den som skriv ein diktanalyse (som er ein undersjanger av litterær analyse) vil ha som formål å formidle forståinga si av kva teksten uttrykkjer, og av korleis teksten skaper meining.
Ein litterær analyse legg fram og forklårer meininga i ein litterær tekst. Men dette vil ikkje seie at det finst ei og berre ei meining i teksten; tolkingane kan vere fleire utan at dei står i motstrid med kvarandre, eller det kan vere slik at diktet byggjer opp ei meining som det samstundes riv ned. Ein litterær analyse gjer også greie for kva litterære ressursar som finst i teksten og dermed produserer meininga i det. Slike litterære ressursar kan vere komposisjon / struktur, ordval, setningsbygning, tropar og figurar, lyd og klang i språket, språkets grafiske uttrykk. Med andre legg diktanalysen fram ei tolking av teksten og analyserer teksten med tanke på å støtte opp under tolkinga.
Ein grei måte å starte analysen på, er å formulere meiningsinnhaldet i diktet slik du oppfattar det. Dette vil seie at du alt før skrivinga har arbeidd deg fram til ei tolking eller ein tolkingshypotese, slik det er nemnt ovanfor (punkt 1.7). Resten av analysen vil då i hovudsak grunngi denne tolkinga, argumentere for at ho er rett, gjerne på ein drøftande måte. Du viser fram korleis diktet byggjer opp den meininga du har funne i det. Ein diktanalyse som er bygd opp slik, vil ha eit tydeleg fokus. Alt tener eit formål: å vise fram tolkinga, drøfte henne eller argumentere for henne. I avslutningsdelen kan du summere opp det du har funne, og du kan setje diktet og lesemåten din inn i eit større perspektiv – trekkje linjer til forfattarskapen, annan lyrikk, litteraturhistoria, kulturhistoria.
Den innleiande tolkinga kan du også leggje fram i spørjande form: Kan det tenkjast at diktet kan oppfattast slik og slik? Den analysen som då følgjer, kan vere ein drøftande gjennomgang av dei tekstressursane som anten stadfester eller avkreftar tolkinga di: Finn vi biletbruk osv. som støttar tolkinga? Ein slik disposisjonsmåte kan skape ei viss spenning i det du skriv.
Før du kjem med tolkinga, kan du presentere diktet ved å karakterisere det, få fram noko som er slåande for diktet og gjev det sitt særpreg. Men hugs då at det første du skriv er innleiande på den måten at det leier lesaren inn på eit spor – som du då stort sett bør følgje og utvikle. (Elles vil starten heller vere vill-leiande enn inn-leiande!)
Du kan også disponere teksten din slik at du ikkje legg fram tolkinga av diktet i starten, men byggjer henne opp bitvis utover i teksten, etter kvart som analysen skrid fram. Men dersom du tek for deg diktet strofe for strofe for å vise korleis diktmeininga blir til, må du passe på at du ikkje fell i den største fallgruva: ei reint parafraserande attforteljing av diktet, ei fordobling av diktet i ditt eige daglegspråk – utan synspunkt, argument, fagspråk eller analyse.
Lykke til!