Få form på det!
Notat om utforming av skriftlege arbeid
Her følgjer nokre retningslinjer for korleis ein skal utforme og setje opp fagartiklar, semesteroppgåver, praksisrapportar, prosjektoppgåver og eventuelle andre tilsvarande sjangrar. Skoleeksamenssvar er også fagartiklar, men krava til litteraturtilvising er naturleg nok slakkare her.
Dei sjangrane vi her talar om, er saklege, seriøse framstillingar
av eit emne. Saka står i sentrum. Forfattaren trer tilbake,
men utan nødvendigvis å vere nøytral: Her er rom for
personlege vurderingar og refleksjonar, humor og ironi, men ikkje så
mykje at det svekker det seriøse inntrykket. Sjangrane gir rom for
bruk av undertitlar og punktoppstillingar. Som heilskap må den løpande
teksten (brødteksten) likevel vere forma i samanhengande sakprosa.
Støyfjerning
Dersom ein følgjer konvensjonane for språkbruk og utforming,
fjernar ein støy i kommunikasjonen med mottakaren. Ein oppgåveskrivar
som ikkje følgjer konvensjonane, sender frå seg eit teikn
som lesaren kan tolke på ulikt vis, til dømes slik: "Stakkar,
har han ikkje lært å lage avsnitt eingong! Då kan eg
nok ikkje vente for mykje av innhaldet." I alle tilfelle gjer dette teiknet
sitt til å svekke tilliten til oppgåveskrivaren, redusere hans
etos.
Oppgåveskrivaren gjer klokt i å gå ut frå at lesaren
har det travelt og er sur, og sjå det som si oppgåve å
gjere han blid og få han til å gløyme kor travelt han
hadde det. For å oppnå dette, må ein fjerne støy
på alle nivå, frå det visuelle førsteinntrykket
til kommabruk, slik at det som står fram i artikkelen, er
det saklege innhaldet, den friske tanken, det stramme resonnementet, den
overtydande argumentasjonen.
Språk og skrivereglar
Dette er for omfattande å gå inn på i denne samanhengen. Mange bøker om emnet er tilgjengelege. Her er likevel nokre nyttige lenker, først til ei side som handlar om skriveprosessen, så til nettsider publisert av Norsk språkråd:
Det visuelle inntrykket av sidene er viktig. Sidene skal gi eit einskapleg og roleg inntrykk. Dette oppnår du ved å gjere ei rekkje val som har å gjere med bruk av skrifttypar og –stilar, avsnittsmarkering, bruk av undertitlar, sitatmarkering, kjeldemarkering, notebruk og litteraturlisteføring.
Skrifttypar og –stilar
Den løpande teksten, brødteksten, skal vere med same skrifttype (font) og punktstorleik gjennom heile dokumentet. Det er vanleg å bruke 12, 11, eller 10 punkts Times New Roman (eller ein liknande font) med linjeavstand halvannan (1,5). For å framheve eit ord bruker ein kursiv (i handskrivne eller maskinskrivne oppgåver tilsvarar dette understreking). Store bokstavar bruker ein ikkje anna enn til heilt spesielle formål. Berre unntaksvis kan ein bruke halvfeit for å framheve nøkkelord.
Avsnitt
Det finst to måtar å markere avsnitt på: enten ved å hoppe over ei linje (blanklinje) eller ved innrykk. Bruker ein blanklinje, trykkjer ein to gonger på return-tasten (to harde linjeskift) og begynnar så å skrive – utan innrykk. Vil ein markere avsnitt med å bruke innrykk, trykkjer ein ein gong på return-tasten og ein gong på tabulator-tasten og begynnar å skrive. I sakprosatekstar finst det ingen mellomting mellom punktum (og andre store skiljeteikn) og avsnitt. Tykkjer du at det høver med ein litt lenger pause enn punktum, men ikkje med avsnitt, må du likevel velje: enten punktum eller avsnitt. Hardt linjeskrift (ny linje) blir berre brukt i samband med avsnittsmarkering, ikkje for å forlenge pausen etter punktum.
Har du vanskeleg for å gå med på dette, kan det hjelpe å tenkje over kva funksjon avsnittet har. Hovudregelen er: éin tanke – eitt avsnitt. Avsnittet er ei innhaldsmessig eining, med eitt emne. Med nytt avsnitt kjem det noko nytt: emne, argument, perspektiv. Avsnittsdelinga har dermed ein kognitiv funksjon, ho hjelper til med å ordne tankane. Dersom teksten inneheld hardt linjeskift som ikkje er avsnitt, tyder dette på at oppgåveskrivaren ikkje har tenkt ferdig når det gjeld å skilje einingane i teksten frå kvarandre.
Men avsnittet har også ein kommunikativ funksjon: Avsnittinndelinga skal gjere teksten lett å lese. Dessutan kan skrivaren bruke avsnitt stilistisk: framheve sitt syn på korleis skriftstykket skal lesast, variere avsnittslengda, understreke eit viktig poeng i eit kort avsnitt.
Bruk av overskrift og undertitlar
Ei oppgåve har ein hovudtittel. Dette er overskriftsnivå 1. Større delar av oppgåva kan samlast under ein undertittel. Dette er overskriftsnivå 2. Kvar del kan også delast inn i mindre delar, dersom det tener oversikt og kommunikasjon. Dette er overskriftsnivå 3. Den framstillinga du nå les, har tre nivå. Meir enn tre nivå bør ein ikkje bruke. Likevel kan det stundom vere greitt med punktoppstillingar, som kan vere nummererte eller markerte med ’bombepunkt’.
Når ein skal markere brødtekst og overskrifter, er det greitt å ta utgangspunkt i det stilarket som ligg som standard i tekstbehandlingsprogrammet (i Microsoft Word til venstre på verktøylinja for formatering).
Sitatmarkering
Klar og god sitatmarkering er svært viktig Alle direkte sitat skal markerast tydeleg, og sitatet skal vere heilt nøyaktig, ikkje på nokon måte forandra for å tilpassast den eigne teksten. Ein kan likevel legge inn ein sitatbit i sin eigen løpande tekst slik at det høver i samanhengen. Er kjelda på sitatet på bokmål, skal det siterast på bokmål, jamvel om den eigne teksten er på nynorsk – og omvendt. Utelet ein noko i eit samanhengande sitat, skal utelatinga markerast med tre prikkar i hakeparentes, slik: […]. Ved sitering av tekst som er mindre enn tre linjer, markerer ein sitatet med hermeteikn, men let det gå inn i brødteksten. Er sitatet tre fulle linjer eller lengre, markerer ein det med innrykk og (ofte) mindre typestorleik, slik:
Referansar – kjelder
Ein skal alltid oppgi kjelde for sitatet, slik det er gjort ovanfor: I ein parentes rett etter sitatet gir ein tre opplysningar: etternamnet til forfattaren, årstalet då publikasjonen kom ut, og sidetalet for sitatet. Dersom innhaldet i teksten utanfor parentesen gjer det naturleg, kan ein sløyfe ei eller to av desse opplysningane. Alt dette krev at ein til slutt i oppgåva har ei litteraturliste, der ein fører opp den litteraturen ein har sitert frå, med fullt namn på forfattaren, tittel på arbeidet, årstal, publiseringsstad (by) og namn på forlaget. Litteraturlista skal vere alfabetisk etter etternamnet til forfattaren. Ofte blir det brukt hengande innrykk, slik at førstelinja går heilt ut i venstre marg, medan resten av linjene i kvar referanse er rykte inn. Referansen for sitatet ovanfor vil du finne i litteraturlista nedanfor.
Ein kan nytte seg av noko andre har sagt eller skrive utan å sitere direkte. Men det er ikkje akseptabelt å hente tankar eller formuleringar frå andre utan å gjere merksam på det. Slike referansar skal nemnast i teksten, og dei skal vere med i litteraturlista.
Dersom ein refererer til eit verk, som bok, avis, tidsskrift o.l., skal tittelen kursiverast eller understrekast; det gjeld både primærmateriale og sekundærmateriale. Tittelen på ein del av ei bok, t.d. eit dikt, ei novelle, eit eventyr, eit kapittel, ein artikkel, skal derimot ikkje kursiverast eller understrekast, men setjast i sitatteikn. Slik kan ein greitt skilje mellom Metope, diktsamlinga Olaf Bull gav ut i 1927, og "Metope" som er titteldiktet i den samlinga, og mellom Per Sivles novelle "Fanta-Nils" og personen Fanta-Nils i novella.
Notar
Ein kan bruke fotnotar eller sluttnotar for å komme med utfyllande kommentarar eller digresjonar som ein ikkje vil ha med i brødteksten fordi samanhengen då vert broten. Det er likevel klokt å avgrense bruken av slike notar.
Aktuell litteratur:
Førland, T. E. 1996. Drøft. Lærebok i oppgaveskriving. Oslo: Ad notam Gyldendal.
Gibaldi, J. & Achtert, W.S. 1984. MLA Handbook for Writers of Research Papers. (2. utg.) New York: The Modern Language Association of America.
Hoel, T. L. 1992. Tanke blir tekst. Skrivehjelp for studentar. Oslo: Samlaget.
Pettersen, T. 1996. Skriv. Fra idé til fagoppgave. Oslo: Ad notam Gyldendal.
Sunde, R B. 1997. Rapporter og notater. Skriftlig framstilling
i brev, rapporter, notater og andre dokumenter. (7. utg.) Bekkestua:
NKI forlaget.