Bakgrunn

Lokalsamfunnet står sterkt i samfunnsfaget i den nye læreplanen. I historie skal elevane kjenna att historiske spor i sitt eige nærmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke. I geografi skal dei gjera seg kjende med lokalsamfunnet gjennom teikningar, kartskisser og modellar og kunna skildra landskapsformer og nytta geografiske nemningar i utforskinga av landskapet nær skulen og heimen. I samfunnskunnskap er det lagt vekt på at elevane skal gjera eigne undersøkingar og i dei fleste tema i samfunnskunnskap er det nærliggjande å nytta lokalsamfunnet som læringsressurs. Dagskonferansen vil løfta fram ei rad praksisnære tilnærmingar til bruk av lokalsamfunnet. Fleire av føredraga rettar dessutan særskilt søkjelyset på abm-sektoren og på korleis den kan vera ein medspelar i samfunnsfaget.