![]() |
Forskerforbundet ved Høgskolen i Bergen |
|
Sist oppdatert:
16.04.03
Webmaster
|
|
|
ÅRSMELDING
1999/2000
Årsmøtet 1999 vart halde på Landås 10.mai. 24 medlemmer møtte. Frank Anthun gjorde greie for dei sentrale lønsforhandlingane og viste til protokoll om særavtalen. Styret har i 1999/2000 hatt slik samansetjing: Leiar: Eli Bergsvik Nestleiar: Ove Jan Kvammen. Personleg vara: Leif Erik Otterå Kasserar: Jan Ove Henriksen. Personleg vara: Kari Anne Lohne Skrivar: Sigrun Grayston Isachsen. Personleg vara: Nina Dalen Seime Styremedlem: Eva Karin Gjuvsland. Personleg vara: Jon Hoem Styremedlem: Tom Cato Seeberg. Personleg vara: Eli Borsholm Styret har i meldingsåret hatt 13 styremøte.
Medlemmer i råd og utval: Arbeidsmiljøutvalet: Anne Lynngård Likestillingsutvalet: Ida- Kristin Ørjasæter Elvsaas Tilsetjingsutval: Knut Terum Tilsetingsråd: Cecilie Butenschøn og Bjørn Arne Øvrebø.
Medlemsmassen: Lokallaget har pr.1.april 223 medlemmer. Det er ein netto tilvekst på 6 personar. Medlemmer som har meldt seg ut har gjort det grunna skifte av arbeidsplass eller fordi dei er blitt pensjonistar. Representasjon: Styret var representert i arrangementskomiteen for konferansen om helse miljø sikkerherhet som vart halden i oktober ved Sigrun G. Isachsen og Jan Ove Henriksen.. Hovudtillitsvald og nestleiar møter på informasjons- og drøftingsmøte på verksemdsnivå. I dei lokale lønsforhandlingane (2.3.3 og 2.3.4) har fleire av styremedlemmene vore med. Informasjon: Eva Gjuvsland er ansvarleg for heimesida vår og oppdaterer den. Styremedlemmene prøver å vera tilgjengelege for medlemmer som tek kontakt. Møteverksemd: Hausten 1999 vart det halde medlemsmøte i forkant av dei lokale lønsforhandlingane. Hovudtillitsvald Søren Hvenekilde frå Høgskolen i Oslo innleidde til diskusjon. I vårsemesteret skipa fagforeininga til seminar om "Personalpolitiske utfordringar ved Høgskolen i Bergen" på Ustaoset. Kombinasjonen av fagseminar og sosialt og sportsleg samver vart godt motteke av deltakarane. Fagforeininga fekk innvilga 60 000 kroner frå sentrale OU-midlar til tiltaket. Verving: Klubbane har drive eit aktive vervingsarbeid. Opplæring/kurs: Etter ønskje og påtrykk frå FF har arbeidsgjevar gjeve innføring i statleg budsjettarbeid for dei tillitsvalde på verksemdsnivå om hausten. I vårsemesteret var det eit 2 dagars seminar på Bjørnefjorden Gjestetun der opplæring og erfaringsutvekslilng om hovudavtalen og hovudtariffavtalen var tema. Fleire av styremedlemmene har delteke på kurs i regi av FF sentralt: Om lønnsforhandlingar- og strategi Eva Gjuvsland og Eli Bergsvik. Forskningspolitisk konferanse Tom Cato Seeberg og Eli Bergsvik. Lokallagsseminar Eli Bergsvik. Kurs i medbestemmelse og hovedavtalen Ove Kvammen og Eli Bergsvik. Strategiseminar Ove Kvammen og Eli Bergsvik. Dette er nyttig opplæring og erfaringsutveksling med andre tillitsvalde frå heile landet. Den vedtekne arbeidsplanen for meldingsåret har vist seg å vera realistisk. Styret har hatt eit aktivitetsnivå i samsvar med den. Aktuelle saker det har vore arbeidd med: Retningsliner for gåver og påskjønningar til dei tilsette.
Medlemmene viste stor interesse for dei lokale lønsforhandlingane. Nytt av året var at lønnstrinn gjeve til pensjonistar skal overførast til andre arbeidstakarar når pensjonistane sluttar. FF ser det som viktig at denne ordninga vert ført vidare. Desse forhandlingane er den saka som interesserer medlemmene mest. Elles har det vore arbeidd ein del med einskildsaker. Det ser ut til at medlemmene tek kontakt når dei har bruk for fagforeininga. For aktiviteten i dei ulike klubbane viser me til årsmeldingane deira. Det er ein styrke for arbeidet i styret at alle klubbane er representert. ØKONOMI Økonomien i laget er god. Stipendordninga har berre vore nytta av 2 medlemmer. Me viser elles her til kommentarane til rekneskapen.
Styret ser attende på eit gjevande arbeidsår. Frammøtet på styremøta og samarbeidet i styret har vore mykje godt. Ein del arbeidsoppgåver er blitt fordelt blant styremedlemmene. Men det er og slik at leiar/hovudtillitsvald og nestleiar har mest ressursar til tillitsvaldarbeidet og følgjeleg må ta størstedelen av arbeidet. Det er viktig å ha realistiske forventningar til kva styret kan få til åleine. Styret treng innspel og hjelp frå medvitne og engasjerte medlemmer. Landås 23.mai 2000.
Eli Bergsvik Ove Kvammen Eva K. Gjuvsland Jan Ove Henriksen Sigrun G. Isachsen Tom Cato Seeberg |