Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Biskopen i all si prakt.1998 - 6. - 7. mai

Tømmeret må snart hoggast

Arne Holm inviterer til møte på Voss saman med Ole Didrik Lærum for å diskutere siste utvikling i prosjektet. Eit sentralt tema for møtet er tømmeret til Audunarstova. Dagleg leiar i Hordaland Skogeigarlag, Olav Taskjelle, er invitert til møtet.

Møtet går fint og det vert diskutert kva type tømmer vi er interessert i; 200 til 250 år gamalt tømmer, godt utmalma og beinvakse. Olav Taskjelle lovar å starte arbeidet med å finna fram til aktuelle hogstområde. Eg ber om at vi får gå over områda som blir valt ut og ta prøvar av ein del av trea for å sjå om det er rette kvaliteten. Olav Taksjelle lovar å halde kontakten.

Det hastar med å få hogge tømmeret om vi skal få starta arbeidet med laftinga i 1999, slik planen er. Tanken er å frakte tømmeret til Island og lafte opp huset der borte i 1999 og 2000. Tømmeret til laftedelen treng tid for å tørke om det ferdige resulatet skal bli bra.

Tilbake til 1998