Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Historien om Audun Torbergsson Raude

Nordmannen Audun Torbergsson Raude var biskop på Hólar i Hjaltadalen på Nord-Island frå 1313 til 1322.Han vart valt til biskop av korsbrørne i Nidaros i forståing med erkebiskop Eiliv i 1313 og reiste til Island sommaren 1314. Audun var då ein gammal mann med lang erfaring som politikar etter å ha tenestegjort for konge og kyrkje i ei årrekkje.
Vi veit at han var Håkon V sin fehirde i Nidaros i mange år . Fehirden var var opprinneleg øvste skattmeister i riket og derav kongens rådgjevar. På 1300-talet fekk Noreg fleire fehirdar med faste residensar og ansvar for eigne distrikt (fehirdsler).

Det kan sjå ut for at Audun vart "sparka oppover" i systemet. Dette vert det fortalt om i sagaen Laurentius saga biskups frå midten av 1300-talet, der det går fram at ingen andre avanserte i systemet rundt kongen så lenge Audun var hans rådgjevar. Det vert sagt at kongen ikkje ville høyra på andre så lenge Audun var i nærleiken. For nokon passe det difor godt å få han sendt til Island som biskop.

Audun fekk truleg tilnamnet sitt den Raude medan han var på Island. Vi skal seinare få vita kvifor han vart kalla den Raude, men først skal vi fortelja litt om det vi veit om Audun før han reiste til Island sommaren 1314.

Vi veit ikkje mye om Audun Torbergsson sitt liv før han tok til å arbeida for kongen og kyrkja. Historia begynner med at vi blir kjent med Audun i vaksen alder.
Grunna nyare slektsgransking veit vi i dag at han stammar frå Hardanger og at han truleg kjem frå garden Torsnes, der han kan ha vakse opp. Det vil seia at han var i slekt med og levde samstundes med den mektige Sigurd Brynjulfsson på Aga i Hardanger. Aga skal vi komma tilbake til seinare.

Audun er truleg den som representerte erkebispestolen sitt domkapittel under konkordatforhandlingane i Tønsberg i 1277. Han var då korsbror og kalla Herr Audun. I fall han er den same personen som Herr Audun, var han allereie på dette tidspunkt eit framtredande medlem av domkapittelet i Nidaros. I 1280-åra var det mange år utan at det var erkebiskop i Nidaros, og Audun var i denne perioden ein av dei som representerte den norske kyrkja sine interesser både innanlands og utanlands.

Audun har hatt ein framtredande posisjon i samfunnet. Eit bevis på dette er at han som korsbror hadde Trondenes på Senja som prebende. Dette var den rikaste kyrkja nord for Nidaros, og det gav Audun sikker innkome. Vi veit også at Audun kom i strid med Bjarne Erlingsson frå Giske i 1282.
Til tross for at han var geistleg hadde Audun ei dotter som bar namnet Olof.