Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Audun Torbergssons historie
- slik ho kan ha vore

Bak bileta kan du lese meir!

Les meir om 13091309

februar
Eg møtte Jørund rett før eg drog nordover. Han var ikkje mykje blid ettersom fleire av korsbrørne nett hadde sagt han imot. Vonar han ikkje kjem opp i dei same problema som for 15 år sidan!
Eg minnes stoda som særs lite triveleg.

Les meir om 13101310

april
Mykje har endra seg siden Jørund døydde . Dei som var mest mot han har sigra ettersom Domkapitlet har valgt Eiliv Arnason til ny biskop i Nidaros. Rett nok er han ikkje vigsla av Paven enno, men den tid kjem nok.

Eg har tenkt mykje på kva eg skal gjera for å halda på påverknaden min. Eg ser mellom anna at stillinga mi som fehirde kan verta truga.

Les meir om 13111311

juni
Kampen mot heidningane kan ikkje vinnas! Rett nok er det alt 20 år sidan dei kristne blei kasta ut av det Heilage landet, men eg fekk nett vite at Klemens V no har oppløyst Tempelridderordenen. No spørs det om ikkje det langt på veg skuldas økonomiske motiv, for så vidt eg veit skulda franske kong Filipp ordenen mykje pengar.

Les meir om 1311Inkvsisjonen kjem nok ikkje hit til landet, men steminga er ikkje lenger så god. Folk vert så lett mistenksame, så her gjeld det å halde stien sin rein.

juli
Eiliv har no blitt vigsla til erkebiskop. Eg er redd det ikkje styrkar stillinga mi.
Eg møtte Bjørn Håkonsson for nokre dagar sidan. Han let meg få vite at fleire freistar å påvirke kongen til å fjerne meg som fehirde. Eirik Magnusson er ikkje nokon sterk mann; eg lyt ta dette på alvor.

september
Eg var heime nokre dager på seinsommaren. Eg nytta da høve og tala med Sigurd Brynjulfsson på Aga. Det er ikkje lenge sidan han sette opp ei gild stove av tømmer frå Hardanger.
Gode handverkarar har han og tilgang på, og det er ikkje tvil om at han har fått ein staseleg bygning. Sigurd var i alle høve godt nøgd.

Les meir om 13121312

januar
Eiliv seier han vil tilby meg eit bispesete på Island. Han ser vel at det er mogleg å få meg vekk no! Likevel kan det sjå ut som ei brukbar løysing.

februar
Eg har bestemt meg! Eg takkar ja til å bli bisp på Holar og har allerede bede kontaktane mine i Hardanger om å sørgja for at det vert teke ut tømmer for mi rekning.
No vert det mykje som må planleggjast!

Les meir om 13131313

mars
Eg høyrde at Bjarne Erlingsson på Giske er daud. Han har eg vore i strid med i meir enn 30 år, men no spelar vel det mindre rolle.
Eg vonar eg ikkje får mykje ut av Trondenes i framtida.

Les meir om 1313mai
No er det ingen veg attende! Eg vart utnemnd til biskop den 25ande.
Eg tala med Arne Sigurdsson, han ba meg sjå innom neste gomg eg kjem til Bjørgvin.

 

Les meir om 13141314

januar
Eg har hatt lukke! Eg fekk øvertydd eit par dyktige steinhoggarar om å verta med meg til Island. Ein kjem ikkje langt utan dugande fagfolk og desse karane har jobba ved Nidarosdomen i fleire år. Eg er viss på at eg vil få stor nytte av dei.

Les meir om 1314april
No fann eg at tida var inne til å dra til Bjørgvin. Eg trur det høver best å rekvirera eit par skip der.
Eg kom til byen tidleg i april og vitjar kongen på Holmen.

Les meir om 1314mai
Endeleg attende i Hardanger, det er lenge sidan sist. Eg vitja sjølvsagt Sigurd Brynjulfsson på Aga og fekk sjå meir på lagmannsstova hans.
Sigurd ga meg råd om nokre dyktige karar som eg kan få med til Island.

Les meir om 1314juni
Ein snartur innom Bjørgvin før overfarten. Eg vil tala med biskopen og sikra meg støtte frå han.

Skipa kan allereie vera framme, så eg voner å koma i veg om nokre dagar.

Les meir om 1314august
Eg har omsider nådd fram til Holar og ser til mi glede at karane alt er godt i gang med å setje opp gildehallen.

Les meir om 13151315

april
Eg har funne noko verkeleg interessant. Her på Holar fins mykje raud stein. Eg vil nytte denne til å setje opp ei kyrkje som eg kan vere stolt av.

juni
Byggjinga av gildehallen er snart ferdig. Heile laftedelen stod ferdig i fjor haust, og no byrjar stavdelen å ta form. Eg vonar eg kan invitere til fest når hausten nærmar seg.

Les meir om 13161316

april
No har torva kome på taket av gildehallen. Eg er særs nøgd med resultatet.

Les meir om 13191319

mars
Islendingane er ikkje nøgde med måten eg styrar bispedømmet.No har dei skrive brev til kongen. Eg er usikker på korleis Magnus Eiriksson vil sjå på det.

Les meir om 13201320

Erkebiskopen har bestemt seg for å kalla meg heim til Noreg. Eg må vera meg i Nidaros innan sommaren er omme.

 

Les meir om 13211321

Audun døyr i Nidaros den 28. februar 1321