Biskopen i strid med korsbrørne
Striden mellom korsbrørne og biskopen skreiv seg langt attende
i tid. Audun talar her om ein episode i 1295. Då var korbrødrne
svært kritiske til erkebiskopen, som på si side hadde stevna
dei til seg i Hålogaland. Korsbrørne orsaka seg og kom ikkje.
Då erkebiskopen kom heim til Nidaros hadde han eit møte med korsbrørne,
men dei vart ikkje samde på noko punkt. Då domkapitlet deretter
appellerte til paven, blei erkebiskopen så arg at han lyste korsbrørne
i bann.
Biskop Jørund måtte seinare gje seg i kampen mot Domkapitelet.
Den pavelege dommaren i Roma avviste alle klagene og skuldingane frå
erkebiskopen, og bannlysninga han hadde forkynt vart kjend ugyldig.
På toppen av det heile vart Jørund dømd til å betale saksomkostningar.
Tilbake til 1309