Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Bildete frå ei gamal altertavle. Geistlige følgjer kongen som sit til hest.1313

Audun vert utnemnd til biskop

Då Audun vart utnemnd til biskop, vart han kanskje «sparka oppover» i systemet. Audun hadde i mange år hatt ein sentral posisjon som kongen sin rådgjevar og blokkerte for andre som ønskte å avansere i krinsen rundt kongen.

Vi må og hugse på at Audun byrja å bli ein gamal mann i 1313. Han hadde vore korsbror i meir enn 40 år og var kanskje interessert i eit rolegare tilvære som biskop på Island. Innover i kyrkja ville og stillinga som biskop gje Audun ein vel ansett posisjon.

Økonomisk er det ikkje sikkert at bispesetet på Holar var fullt så attraktivt. På denne tida var mykje av jorda i Noreg eigd av kyrkja eller klostra. Gardane vart drivne av leiglendingar som måtte betale pengar for å få dyrke jorda. I tillegg måtte folk betala tiende til kyrkja. Dette ga kyrkja svært store inntekter, men det førte samstundes til at store delar av folket var svært fattige.
Audun hadde hatt store inntekter fra eit slikt «prebende» på Trondenes i Troms. Desse inntektene måtte han nok gi avkall på, og sjølv om han fekk inntekt på Island, er det grunn til å tru at den økonomiske stillinga hans vart svekka.

Tilbake til 1313