Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Kongen sit i høgsetet medan nokre av folka hans diskuterar.1314

Møte med kongen i Bjørgvin

Gjennom 1200-tallet vart Bjørgvin (Bergen) den klart viktigaste kongelege residensbyen i Noreg. Bjørgvin var kongeleg residens og politisk møteby i eit rike som også omfatta «skattlanda» vest i havet: Island, Grønland, Færøyane, Hjaltland og Orknøyane. Difor kan byen med rette kallast den første verkelige rikshovedstaden i Noreg.

Kongen heldt til på «Holmen», like ved sida av domkyrkja og bispegarden. Tidleg på 1300-talet var det kongelege styringsapparatet eit femtitals syslemenn som handheva kongen sine lover lokalt. Landet var videre delt i ti lagsogn med kvar sin dømande og rettsadministrerande lagmann. I tillegg var det kongsgardar i dei fire viktigaste byane – Bjørgvin, Nidaros (Trondheim), Oslo og Tønsberg. I disse byane sat regionale fehirdar og sørgja for å krevje inn kongen sine inntekter. Audun var i mange år kongen sin fehirde i Nidaros.

Då Audun kom til Bjørgvin, var byen eit handelssentrum av europeisk format. Mellom 5 og 10.000 innbyggjarar gjorde den til ein mellomstor by også i europeisk målestokk.
Sjølv om ein hadde teke frå Audun oppgåvene som fehirde, var han heilt sikkert på vitjing hjå kongen og biskopen på Holmen.

Tilbake til 1314