Allereie tidleg på 1300-talet var dei nordiske landa nokså
like. Dette gjeld framleis, men den gongen var også dei nordiske
språka svært like. Dei utenrikspolitiske interessene peika
derimot i vidt ulike retningar.
Danmark hadde sitt naturlege interessefelt i England, og seinare Nord-Tyskland
og Baltikum. Sverige vende seg austover mot dei baltiske landa og Russland,
mens Noreg knytta sine økonomikske og politiske interesser til
dei oversjøiske landa i nordvest.
I mellomalderen vart dei gamle nordiske ættesamfunna avløyst
av ei sentral kongemakt, delvis med støtte frå kyrkja.
Først då tok dei tre nordiske rika Danmark, Sverige og Noreg form,
og problema knytta til grenser og økonomiske interesser var for
alvor aktualisert.
I 1262 hadde islendingane sverga truskap til den norske kongen, men
Noreg fekk aldri full kontroll over Island. Spesielt var islendingane
påpasselege med å motarbeide dei norske kongane sine reistnader
på å aukei makta si på Island.
Kyrkja hadde og problem med å få godt fotfeste på
Island. Kyrkjene på Island var opphavleg knytt til dei største
gardane. Når biskopane freista å få kontroll med desse
kyrkjene, vart det oppfatta som ein direkte trussel mot dei gamle islandske
høvdingættane.
Les meir om Noreg sitt tilhøve
til Island
Tilbake til 1314