Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Noreg og Island

For å forstå kvifor den norske kyrkja og kongedømme fekk Island inn under den norske krona, må vi sjå litt på samfunnsutviklinga på Island i høgmellomalderen (ca. 1050 - ca. 1300).

Høgmellomalderen fell saman med pavekyrkja sin glansperiode, kampen mellom verdsleg og geistleg makt, korstoga og europeisk ekspansjon, vekst i handel og utvikling av byar og framveksten av eit fastare statssystem i Europa.

I denne perioden er det to hovudtendensar i utviklinga på Island som trer tydeleg fram. På den eine sida går balansen i den gamle aristokratiske styreordninga tapt, og på den andre sida blir Island i aukande grad avhengig av Noreg både økonomisk, politisk og kyrkjeleg. Det er strid mellom verdslege høvdingætter og kyrkje på Island.

Frå gammalt av rådde privatkyrkjesystemet på Island. Det vil seia at kyrkjebøndene (grunnleggarane av kyrkjene og deira etterkommarar) forvalta kyrkjegodset og halve tienden (kyrkje- og prestelut) og dei tilsette prestane. Sidan dei verdslege høvdingættene rådde over dei rikaste kyrkjestadane, førte kyrkja sin ekspansjon til at balansen i samfunnet vart endra. På den andre sida reagerte dei same kyrkjeeigarane skarpt då biskopane med erkestolen i Nidaros i ryggen begynte å gjera krav på kyrkjegods og kallsrett frå slutten av 1100-talet.

Det vart ein langvarig strid mellom biskop Gudmund av Hólar (1203-1237) og ei rekkje islandske høvdingar, som auka motsetnadene mellom lærde og lekfolk, og dei verdslege høvdingane seg i mellom. Dette gjorde det lettare for den norske kyrkja og kongemakta å få innpass i dei indre tilhøva på Island.

Frå 1230-åra reiv domkapittelet i Nidaros til seg valretten til dei islandske bispestolane frå høvding og bønder. Kongedømmet under Håkon Håkonsson (1204-1263) støtta opp under erkestolen sin aukande myndigheit på Island og drog sjølvsagt politiske fordelar av dette. Vi kan seia at kyrkja og trona hadde felles interesser og arbeidde begge mot å få større på Island.

Om lag 1220 begynte det norske riksstyret for alvor å blanda seg inn i islandske tilhøve. Etter kvart vart det heilt klart at målet var å leggja Island politisk under den norske trona. Dette vart ytterlegare understreka frå 1250-åra, då kongen sendte norske sendemenn på spesialoppdrag til Island for å undersøkja stemninga på øya og pressa høvdingane og biskopane i deira virke til å arbeida for hans sak.

I 1262 svor islendingane på Alltinget den norske kongen landeskatt og truskap. I første omgang galdt det nordlendingane og sørvestlendingane, men seinare på året lova vestfjordingane det same. Resten av landet kom etter i 1263 og 1264.

Det norske kongedømmet erobra ikkje Island med våpenmakt, men ved å spela på indre islandsk splitting, trong til fred og det at islendingane var økonomisk avhengig av Noreg. Dette pregar vilkåra for underkastinga. Kongen skulle la islendingane nyta fred og islandsk lov, og kongen måtte lova å halda oppe den naudsynte skipsfarten mellom Noreg og Island. Det vil seia 6 skip årleg dei første åra og seinare så mange som kongen og Island sine beste bønder fann naudsynt. Kongen fekk gjennom ein regulær skatt i vadmål, som utgjorde 20 alen vadmål per fullbonde.

Noreg fekk aldri fullt ut herredømme over Island og i dei følgjande tiåra vakta islendingane påpasseleg rettane sine i høve til kongedømmet sine forsøk på i stadig sterkare grad å auka makta si på Island etter mønster av norske tilhøve.

Det er i denne samanhengen vi også må sjå på Audun sitt virke på Island, de han prøver å styrka den norske kyrkja si makt på Island.