Audunarstova

 Auduns dagbok

 Atles dagbok

 Audun Raude

 NHU

 

Biskop Audun Raude sitt segl.

Tømmerarbeid i skogen

I mellomalderen var det rikeleg tilgang på gammal, rettvaksen og godt utmalma furuskog i Norge. Tømmermenn og båtbyggjarar kunne difor velja ut dei beste tømmerkvalitetane til hus- og båtmaterial. Furutømmer av same kvalitet som i mellomalder er det ikkje like lett å finna i skogane i dag. Det er berre restar att av den verkeleg gamle skogen av rett kvalitet som ein kan bruka til materialar til hus og båt om ein vil komma nær mellomalderen sin materialkvalitet. Trea ein brukte var godt over 200 år gamle, rett- og tettvaksen furu med god utmalming. Til bygningsvyrkje ser det ut for at ein har hatt tilgang på slik material fram til 1600-talet om vi ser på husa som er bygde på denne tida. Når vi kjem opp på 1700-talet finn vi mest ikkje lenger material av mellomalderkvalitet i husa. Dette heng truleg saman med eksport av saga material frå Norge til mellom anna Skottland og Holland. Norge var på denne tida eit trelastland med stor eksport av bord og tømmer til utlandet. Dei første vassagene vart truleg tatt i bruk i Norge mot slutten av 1400-talet. I dag finn vi tømmer av slik kvalitet berre spreidd i skogane på ulike stader rundt omkring i landet. Det er arbeids- og kostnadskrevjande å ta ut slik material om ein ikkje skal fella heile hogstfelt med moderne hogstmaskiner. Dette spesialtømmeret må i så fall takast ut som plukkhogst, dvs. eit tre her og eit tre der. For å sikra at vi har tilgang på spesialvyrkje i framtida er det viktig å ta vare på tre av god kvalitet og la dei få stå att i skogen og bli gamle, sjølv om resten av feltet vert hogd ut.

Det første ein må gjera i skogen er å velja ut trea ein skal fella og blinka (merkja) desse. I Audunarstovaprosjektet tok vi boreprøvar av ein del av trea for å sjå om dei var av rett alder og kvalitet. Boreprøven vert gjort med eit tilvekstbor som ein borer inn til margen i treet i brysthøgde. Boret tek med seg ut ein sylinderforma prøve, der du kan sjå og telje antal årringar og ut frå dette finna ut kor gamalt treet er. Du vil også sjå kor tettvakse og kor utmalma treet er. Når trea er blinka ut, står det att å fella dei.

I mellomalderen vart det brukt øks til dette arbeidet. Kring ????(1850-70) kom tverrvedsagene (tømmersag og svans) i bruk i skogsarbeidet, og trea vart då felt ved å først hogge fellarskår og så sage inn frå motsatt side mot nedste kanten av fellarskåret med tohands tømmersag eller svans (einhands tverrvedsag), som desse sagene også vart kalla. Fellarskåret gjer at du får treet til å falla akkurat i den retningen du vil, om fellarskåret er rett hogge. Overgangen frå å fella og kappe med sag gjekk føre seg over nærare 100 år frå ca. 1870 - 1960. Vi kan nemna at ein til dømes i Setesdalen felte med øks på gamlemåten heilt fram til motorsaga vart tatt i bruk kring 1960. I nyare tid har vel alle skogsarbeidarar tatt i bruk motorsag til dette arbeidet. Det vert likevel brukt ein del øks til dette arbeidet i ulike samnhengar, men det er heller få som brukar denne reiskapen i dag i moderne skogsarbeid. Til kvistinga er det framleis ein del som brukar øks som i tidlegare tider.
Skogsarbeidarane brukar i dag motorsag til dette arbeidet også. Det går nesten like fort å bruke øks som motorsag til kvistinga for ein som er vant til å bruka denne reiskapen. Når treet er lagt i bakken må ein ta til med kvistinga og måle ut kor lange lengder ein skal kappe stokken i. Det vil variere alt etter kva stokkane skal brukast til. Til Audunarstova vart veggstokkane i laftedelen kappa på om lag 8 meter og dei fleste har ein diameter på ca. 50 cm. Dei nedste stokkane i veggen (svillstokkane) har ein diameter på over 60 cm.

Etter at kvistinga og kappinga er ferdig blir tømmeret frakta ut av skogen til velteplass, der det vert henta av tømmerbilar og frakta til der ein skal byggje huset. I tidlegare tider vart tømmeret tatt ut på vinterføre med hest.

Før laftinga kan ta til må tømmerstokkane barkast. Dette blir framleis gjort med øks, barkespade eller bandkniv, som i tidlegare tider. Det er også mange som brukar elektrisk høvel til dette arbeidet i dag. For ein som er vant til å bruka øks, barkespade eller bandkniv går det like fort å barka ein stokk for hand framfor å bruka elektrisk høvel. Med handverktøyet får du dessutan med deg all bork og stokken blir finare avbarka. Når tømmeret er ferdig tørka tek ein til med å forma stokkane. I Audunarstova er det brukt ovalt forma stokkar som typisk for mellomalderen etter modell av Lagmannstova på Agatunet i Hardanger, som er bygt kring 1300. Stokkane vart forma med øks og skjøver i mellomalderen og langt opp i vår tid. No vert det også brukt elektrisk høvel og motorsag til hjelp i dette arbeidet i tillegg til handverktøy.

  • Tverrvedsag
    Tohands tømmersag (tverrvedsag) har handtak i begge endar og med bua sagblad med kraftige sagtenner.

  • Svans
    Svans - einhands tverrvedsag (utan sagbue eller anna spenneanordning) med handtak i den eine enden og med eit breidt sagblad som smalnar mot ytterenden.