1001 Natt
Nest etter bibelen er den arabiske eventyrsamlinga 1001 Natt
eit av dei mest utbreidde litterære verka i verda. Det rike
innhaldet rommar alt i frå djupt tragiske forteljingar til
muntre kjærleiksnoveller og religiøse legender.
Forteljingane gjekk på folkemunne i Orienten i fleire hundre
år, og allereie kring 800 e. Kr. kunne ein finna ein del av
dei i arabiske skrifter.
Rundt 970 e. Kr. kom stoffet i hende på Abu Abd-Allah Muhammed
el-Gahsjigari, og fyrst då vart det samla systematisk. Det
er han som har forma 1001 Natt og ga dei nytt, og kanskje
evig liv.
1001 Natt i Europa
|