Asbjørnsen og Moe
Dei norske folkeeventyra levde på folkemunne i fleire hundre
år utan at nokon samla dei og skrev dei ned. Det var
fyrst under nasjonalromantikken
(ca. 1820-1880) at forfattarar og andre byrja å interessere
seg for eventyr.
Peter Christen Asbjørnsen (1813-1882) og Jørgen Moe (1812-1885)
starta det omfattende arbeidet med å samla norske eventyr.
Dei reiste rundt på landsbygda og fekk folk til å fortelje
dei til seg.
Dei møttes for fyrste gong på same skule då dei var
13 og 14 år gamle, og eit sterkt venskap utvikla seg. Dei
delte begge den same interessa for norsk bondekultur, eventyr,
segn og viser.
Norske Folkeeventyr
|