Eventyr
Det finst to typar eventyr, folkeeventyr og kunsteventyr.
Folkeeventyra er dei mest vanlige. Opphavet
er ukjend, og dei har levd i munnleg forteljartradisjon frå
generasjon til generasjon og har ingen bestemt forfattar.
Folkeeventyra er fri dikting og er sjeldan knytt til ein
bestemt stad eller ei bestemt tid. Dei har faste handlingsmønster
som varierer frå forskjellige kulturområde, men samstundes
er det visse grunnleggjande trekk som går igjen i folkeeventyr
frå heile verda, som til dømes: Det gode skal
lønast, og det vonde skal straffast.
Ofte finn ein dei same eventyra i fleire land, men med lokale
tilpassingar. Det vert sagt at eventyret om Askepott er å
finna i heile 400 versjoner.
Dyreeventyr
Skjemteeventyr
Eigentlege eventyr
|