Brødrene Grimm
Dei tyske brødrene Jacob (1785-1863) og Wilhelm Grimm (1786-1859),
har stått for innsamlinga av nokre av verdas mest kjende
eventyr, som Askepott, Tornerose og Snøkvit.
Brødrene var fyrst og fremst språkforskarar, og det
var grammatikk og språkhistorie som var deira hovudinteresse.
Dei gjorde eit epokegjerande arbeid innan desse felta, men
det er for deira innsats med å samla inn og arbeida
med folkeeventyr at dei er blitt kjende i ettertida.
Deira "Kinder- und Hausmärchen" (Barne- og huseventyr),
som inneheld heile 200 eventyr og 10 legender for born, vert
i dag rekna som den mest kjente boka som nokon gong er skriven
på tysk.
Eventyrstilen til brødrene Grimm har vore ei stor
inspirasjonskjelde for andre som har arbeida med eventyr,
og den er eit mønster for folkeeventyr i ei rekkje andre land,
ikkje minst i Noreg.
|