H. C. Andersen
Hans Christian Andersen (1805-1875) vart fødd i Odense i
Danmark. Han var son av ein skomaker og ei vaskekone. Det
vart sagt at han var ein kjenslevar gut, men både svakeleg
og lite pen.
Det viste seg seinare at han hadde sjeldne gåver, særleg
innan skrivekunsten, og hadde ein livleg fantasi. .
Etter å ha prøvd seg som skodespelar i København, tok han
til å studere grammatikk og litteratur. I denne perioden gav
han ut ei rekkje diktsamlingar, skodespel og reiseskildringar.
Det store gjennombrotet kom i 1835 med romanen "Improvisatoren",
og same året kom dei to fyrste hefta av "Eventyr fortalte
til Børn". Med desse utgjevingane fekk H.C. Andersen eit solid
fotfeste i både Danmark og Europa
Kunsteventyr
Den Stygge Andungen
|