Batman

Bruce Wayne heiter ein kjend levemann i Gotham City.
Men hans andre side, Batman, er kjent som den mest komplekse og gåtefulle krimkjemparen i superheltuniverset.

Kledd i ei flaggermusliknande drakt skremmer han livet av dei kriminelle i Gotham City, og i underverda svirrar det rykter om at han aldri kan døy...

Under kappa skjuler det seg ein einsam multimillonær med ei tragisk fortid. Som gutunge vart Bruce sine foreldre brutalt myrda i ei trong bakgate, rett framfor auga hans.
Dette fæle minnet har brent seg evig fast på netthinna hans, og det var det som fekk han til å sverja evig truskap til rettferda.

 

 

 

 

1/2