Myte
Ordet "myte" vert gjerne nytta om forteljingar som me ikkje
heilt trur på. I religiøse samanhengar tenkjer me ofte på
soger om gudar og magi frå ei fjern fortid eller hjå naturfolk
i vår eiga tid
Ulike kulturar har ulike myter som viser deira oppfatning
av verda og mennesket sin plass i den store samanhengen. Mytene
forklarar korleis verda vart til og korleis alt heng saman.
Men dei fortel og om opphavet til sosiale tilhøve, skikkar
eller til enkelte familiar.
Mytene inneheld som oftast heilage element, noko som skil
seg frå det vanlege og kvardagslege.
|