FRANKENSTEIN
"Ein hatets dag var det då eg fekk liv!
Forbanna skapar, kvifor forma du eit monster så hesleg at
sjølv du vende deg frå meg i avsky?"
Historien om Frankenstein og monsteret han skapte, har rysta
og rørt menneske i over 180 år. Monsteret er blitt sjølve
symbolet på mennesket si trong til å utforska og forandra
naturen - og kva konsekvensar dette får.
Romanen grip tak i gamle myter om naturborn og kunstige menneske
og bles nytt liv i desse. "Frankenstein", eller "The Modern
Promethevs", kom for fyrste gongen ut i 1818. Forfattaren
var den 20 år gamle Mary Shelley.
Boka er vorte ei sentral inspirasjonskjelde i science fiction
litteratur og -film, og spørsmålet den stiller er blitt eit
viktig emne i filosofiske diskusjonar.
I dagens høgteknologiske samfunn er nok boka meir aktuell
enn nokon gong.
Opphavet til boka Samandrag
|