Samandrag

Ein engelsk eventyrar, Robert Walton, er på ekspedisjon på Nordpolen. Gjennom brev til søstera Margaret Seville, held han familien orientert om tilhøva om bord på skipet.

Ein dag, då skipet er fullstendig omgitt av is, finn dei ein sterkt medtatt mann som dei tar om bord. Mannen er Victor Frankenstein, og etter kvart som han vert betre, fortel han livshistoria si til Walton.

Frankenstein vaks opp i Genève i Sveits saman med to yngre brør og den foreldrelause Elisabeth. Henry Clerval var den einaste venen han hadde. I 19 års alderen byrja han å interessere seg for naturfilosofi, elektrisitet, kjemi og matematikk, og etter at mora døde, drog han til Tyskland for å studera ved universitetet i Ingolstadt.

Der vart interessa hans for naturfilosofi snart ein besettelse, og han var spesielt fascinert av livsprinsippet og menneskenaturen.

 

 

Side 1