Den moderne vampyren
Slike vampyrar som vi treff på i moderne litteratur, er svært
ulike dei tidlegare vampyrane.
Dei har ofte ikkje dei samme avgrensingane som vampyrane
frå legendene har. Kvitløk og krusifiks verkar ikkje mot dei,
og dei kan klare seg i dagslys.
Men framleis har dei overnaturlege krefter, enorm styrke,
fart og overutvikla sansar. Trongen for blod er den same,
sjølv om trenden dei siste tjue åra har gått mot ein meir
samvitsfull vampyr, plaga av den tragiske lagnaden sin.
Anne Rice må ta mykje av "æra" for den moderne vampyren.
Ho er forfattaren av populære "The Vampire Chronicles", ein
serie på fem bøker som tek for seg livet til vampyren Lestat.
Den fyrste boka i serien, "Intervju med ein vampyr", vart
filmatisert i 1994, med Tom Cruise i hovudrolla som Lestat.
|