Area 51 (område 51)
Langt inn i ørkenen, ved innsjøen Groom Lake i Nevada, ca.
100 miles nord for Las Vegas, ligg den kanskje mest hemmelege
staden i heile verda, omringa av fjell og væpna vakthald.
Dette området er kjent for dei fleste som "Area 51". Kjem
du nært nok innpå, kan du sjå eit skilt der det står:
"Use of deadly force authorized"
(Bruk av dødeleg makt godkjent)
Regjeringa i USA nektar for at dette området eksisterer,
sjølv om russiske satelittbilete visar det motsette. På bileta
ser ein tydeleg fleire større bygningar og ein lang rullebane.
I tillegg er det målt usedvanleg høg radioaktivitet under
Groom Lake, og høg seismisk aktivitet der det normalt ikkje
skal vera vulkansk aktivitet.
|