Vampyr
I følgje mytene er vampyren ein vandød
(ikkje-død) som må drikka menneskeblod for å halda
seg i live. Dei søv om dagen, i ei kiste eller i grava si,
og jaktar om natta. Offeret døyr eller vert sjølv til ein
vampyr. Vampyren sitt kjenneteikn er dei lange, sylskarpe
hjørnetennene.
Ein finn vampyrar og vampyrliknande vesen
i myter og legender frå heile verda, men det er blant det
slaviske folket ein finn dei fleste historiane.
Ifylgje legenda kunne vampyrane ta form som
ei tåke, ei flaggermus eller andre dyr, dei kunne styra elementa
og kontrollera ulvar og rotter. Vampyrane kunne ikkje sjå
sitt eige spegelbilete i ein spegel, dei kunne aldri koma
inn ein plass utan å vere invitert, dei tålte ikkje
kvitløk, døypevatn, sollys eller det kristne krusifikset.
Vampyrar i litteraturen Vlad
Tepes Bela Lugosi
Den moderne vampyren
|