Vlad Tepes - den ekte Dracula
Vlad Tepes (1431-1476) var ein galning utan like, ein blodtørstig
berserk. Vlad Tepes var Dracula.
Han vart fødd i Transylvania, i den vesle byen Sighisoara.
Same året blei faren hans, Vlad Dracul, adla og utnemnd til
riddar av Drageordenen. Desse riddarane kjempa mot at tyrkarane
trengte seg inn i Europa.
Vlad Tepes hadde kallenamnet Dracula etter faren. Ordet "dracul"
tyder "drage", men det tyder også "djevel". "Dracula" tyder
direkte oversett "son av djevelen". Seinare vart Dracula kjend
under namnet Vlad Spiddaren, og det med god grunn.
Dracula vart konge i Wallachia, og gamle skrifter fortel
om grufulle massakrar, der offera vart spidda på ein stake
for så å få hovudet hogd av.
Han elska å drepa, og åt ofte måltida sine blant dei mishandla
lika. Somme kjelder fortel også at han drakk blodet til dei
døde.....
|