Foto

Film

Lyd

Dokumenter

Databaser

Hitler besøker Norge

Propaganda

Motstand

Kaprolat

Frigjøringen

Andre nettsteder

Nettutstillinger

Forskning og
formidling


 

TEMA: Propaganda
Alliert propaganda: Sovjet

 

Då kommunistane tok makta i 1917, var store delar av innbyggjarane (170 millioner) analfabetar utan utdanning. Kommunistane sette tidlig i gang ein massiv propagandaoffensiv for å vinne folket for si sak og drive politisk opplæring av folket. Heile Sovjetsamfunnet blei gjennomsyra av kommunistpropagandaen; skolar, massemedia, kunsten... Til og med vitskapen skulle gå i sosialismens teneste.

Dirigert frå toppen blei den sovjetiske propagandamaskinen eit effektivt apparat som nådde heilt fram til den enkelte og dirigerte livet til sovjetborgarane på alle område. Den intense og evigvarande propagandaen varte frå revolusjonen og heilt fram til slutten av åttiåra. Utan tvil har dette vore det største propagandaeksperiment og -påvirkning i historia, ein hjernevask utan sidestykke.

Propagandaen tok uavlatelig opp att at Sovjet var omgjeven av fiendar på alle kantar, og derfor kunne ein m.a. rettferdiggjere utryddinga av millionar av "statsfiendar".

Utover satsa ein sterkt på å vinne sympatisørar i andre land, for det endelige målet var ein fullstendig verdensrevolusjon. Hammaren og sigden var sterke og eintydige symbol, og stod for ein enkel bodskap i ei tid med massearbeidsløyse verda over. Men mykje av bodskapen var abstrakt og prega av ein intellektualisme som appellerte til folk med utdanning, men ikke til dei store massene.

Soviet posters (International institute of social history)
Soviet propaganda (Russian archives online)
Soviet propaganda machine
Revolution by design; The soviet Poster