Nordiki LUKK VINDU

Vestaver

Velg å sjå filmen i samsvar med den bandbreidden du har!

Låg kvalitet
Breiband medium (400 kb/s)
Breiband høg (800 kb/s)

”Vestaver I – III” er filmar der folk som opplevde krigen fortel si historie. Filmane handlar om Nordsjøfarten frå Vestlandet til Shetland, og vi møter både dei som arbeidde på land, og ”Shetlandsgjengen” som frakta folk fram og tilbake framfor nasen på tyskarane. Siste film tek oss med til krigshandlingane på havet og nede på kontinentet, der også mange nordmenn deltok. Dei tre filmane er produsert og redigert av filmprodusent Nils Arne Sæbø i Iris Multimedia, og inneheld utdrag av intervju med folk som opplevde okupasjonen og krigshendingane direkte. Initiativet til dette filmarbeidet kom frå Karsten Vågenes. Prosjektleiar er Johannes H. Fosse. I Prosjekt- og arbeidsgruppa har ellers desse vore med: Karstein Vågenes, Egil Eikanger, Ragnar Nøttveit, Sverre Helland, Olav Steinar Namtvedt,Odd Tøsdal, Aasmund Mjeldheim, Einar Vatne og KarlKolstad.
Prosjektgruppa har i oppgave å syta for ei breid formidling av filmane og sikra det omfattande råmaterialet for ettertida.

Kontakt / bestilling Karstein Vågenes: Tlf. 55 31 21 05 - 40 40 17 30 JohannesH. Fosse: Tlf. 56 17 81 38 - 90 99 44 16
Nils Arne Sæbø: nils.arne.sabo@nrk.no